tirsdag 18. august 2009

Mister Pip av Lloyd Jones


Kan det vera farleg å lesa bøker? I denne romanen får det i alle fall vidtrekkande konsekvensar for forteljaren og den landsbyen på stillehavsøya der ho veks opp.
Matilda er omtrent 13 år då hovudhandlinga går føre seg. Ho bur i lag med mor si, og det er unntakstilstand på øya. Enno har ikkje krigen nådd den isolerte landsbyen til Matilda, men alle dei kvite har reist. Alle, men ikkje Mr Watts, som ungane kallar Stilkøye. Ein dag bestemmer han seg for å starta opp skulen igjen, sjølv om dei ikkje har bøker, og at han skal lesa ”Store forventningar” av Charles Dickens for dei, eit kapittel kvar dag. Mister Pip er hovudpersonen i Dickens sin roman.
Dette vert inngangen til ei heilt ny verd for Matilda. Ho er heilt oppslukt, og fortel mora det ho høyrer på skulen. Etter kvart synest mora det vert for mykje Mister Pip. Ho synest dottera heller burde interessere seg for slektshistoria si og ikkje dette nya og framande. Og er det i samsvar med Bibelen?
Så kjem krigen og soldatane til den vesle landsbyen, og dei har korkje høyrt om Charles Dickens eller Mister Pip. Kor er han ,spør dei trugande. Gøymer dei han?
Heldigvis sluttar ikkje historia ikkje her. Nokre år seinare prøver Matilda å finna ut meir om både Mr Watts og Charles Dickens, og ho finn ut at ikkje alt er som ho har trudd.
Denne boka er vel verdt å lesa, både med og utan ”Store forventninger” i bagasjen, men det er eit parti i romanen du ikkje bør lesa rett før du legg deg. Du finn ut kor det er når du kjem dit.
Anita

mandag 4. mai 2009

Amos Oz – En fortelling om kjærlighet og mørke



Foreldra til den israelske forfattaren Amos Oz kom til Palestina på 1930-talet frå ulike delar av Russland, og denne mangfoldige romanen er både ei slektshistorie og ein biografi der vi får høyre om bakgrunnen til foreldra og delvis òg besteforeldra, og om oppveksten til forfattaren i Jerusalem på 1940- og 1950-talet. Gjennom denne familien får vi innblikk i korleis det var å leva i den nya staten Israel, vi får kjenne på både krigsangst og nybyggjarentusiasme i kibbutzen.
Det som etterpå mest av alt sit att hos meg er livet i den vesle familien, den nærast pedantiske faren, den romantiske mora som har vanskar med å finna seg til rette i det nye landet, og guten som etter kvart bryt med faren og endrar etternamn.
Men det er òg plass for smil når vi høyrer om bestefaren som livnar til når han vert enkemann, og om kor gale det kan gå når den eldre garde som har lært hebraisk gjennom bøker møter den yngre garde som ikkje har det boklege forholdet til språket.
"En fortelling om kjærlighet og mørke" er ei bok for deg som vil utvida horisonten og bli berørt kjenslemessig når du les.
a.l.

tirsdag 7. april 2009

Colm Toibin - Mesteren


Colm Toibin – MesterenMesteren er den amerikanske/engelske forfattaren Henry James. Du har kan hende ikkje høyrt om han eller lese noko av han, men det er ikkje noko krav for å setje pris på denne romanen. Denne boka er ein roman om fem år i livet hans, 1895-1899, og ikkje ein biografi. Kvart kapittel tar for seg i hovudsak ei hending, og gjer slik romanen litt novelleaktig og lett å leggja i frå seg for kvelden etter endt kapittel, om du greier det. Som det står på baksida av boka, så handlar første kapitlet om ei mislukka oppsetjing av eit av teaterstykka hans, og det er skrive slik at du får medkjensle med den stakars forfattaren. Denne kjensla held seg i heile romanen, der vi mellom anna får innblikk i ein spesiell familie med mange sterke personlegdomar. Romanen er heller ikkje utan komikk, spesielt i det kapitlet som handlar om da Henry James buset seg i eit hus i England og skal handtera tenarstaben når han venter gjester. Stakkars mann, men eg måtte le! Mesteren vart kåra til ein av dei ti beste bøkene i 2004 av New York Times, og det undrast eg ikkje noko over.Fleire av romanane til Henry James er filma, t.d. The Bostonians, Portrait of a Lady, og Washington Square
a.l.

Den som blunker er redd for døden av Knud Romer


Kan ein vond barndom bli god litteratur? Kan du kjenne ei slags glede av å lesa om dette utan å lure på om du treng nærare utgreing hos ein psykolog?
Kan ein vond barndom bli god litteratur? Kan du kjenne ei slags glede av å lesa om dette utan å lure på om du treng nærare utgreing hos ein psykolog? Svaret på begge spørsmåla er ja, og for å testa det kan du lesa denne romanen. Grunnen til at svaret blir ja på desse spørsmåla er språket. Det er fullt av presise og slagkraftige formuleringar. Her er nokre døme: ”Mor var blond og vakker, og hun levde livet før nazistene tok det.” ”Hun ville ha en klem av moren sin, og fikk en kåpe; hun ønsket seg en far, men det eneste hun fikk var kjeft og korrekser.”Forteljaren i romanen er Knud. Han er fødd i 1960 i ein liten by i Danmark. Mora er tysk, og det gjer at den vesle familien meir eller mindre lever som utstøytte. Knud fortel ikkje berre om sin eigen barndom, men òg om foreldra sin bakgrunn og familie, ingen av dei heilt A4. Særleg gjorde mora sin kamp for eit godt liv inntrykk. Humor? Ja, litt beisk. Les om tante Ilse som hata katter på s. 69.Kan ein vond barndom bli god litteratur? Kan du kjenne ei slags glede av å lesa om dette utan å lure på om du treng nærare utgreing hos ein psykolog?
Kan ein vond barndom bli god litteratur? Kan du kjenne ei slags glede av å lesa om dette utan å lure på om du treng nærare utgreing hos ein psykolog? Svaret på begge spørsmåla er ja, og for å testa det kan du lesa denne romanen. Grunnen til at svaret blir ja på desse spørsmåla er språket. Det er fullt av presise og slagkraftige formuleringar. Her er nokre døme: ”Mor var blond og vakker, og hun levde livet før nazistene tok det.” ”Hun ville ha en klem av moren sin, og fikk en kåpe; hun ønsket seg en far, men det eneste hun fikk var kjeft og korrekser.”Forteljaren i romanen er Knud. Han er fødd i 1960 i ein liten by i Danmark. Mora er tysk, og det gjer at den vesle familien meir eller mindre lever som utstøytte. Knud fortel ikkje berre om sin eigen barndom, men òg om foreldra sin bakgrunn og familie, ingen av dei heilt A4. Særleg gjorde mora sin kamp for eit godt liv inntrykk. Humor? Ja, litt beisk. Les om tante Ilse som hata katter på s. 69.