Kan det vera farleg å lesa bøker? I denne romanen får det i alle fall vidtrekkande konsekvensar for forteljaren og den landsbyen på stillehavsøya der ho veks opp.
Matilda er omtrent 13 år då hovudhandlinga går føre seg. Ho bur i lag med mor si, og det er unntakstilstand på øya. Enno har ikkje krigen nådd den isolerte landsbyen til Matilda, men alle dei kvite har reist. Alle, men ikkje Mr Watts, som ungane kallar Stilkøye. Ein dag bestemmer han seg for å starta opp skulen igjen, sjølv om dei ikkje har bøker, og at han skal lesa ”Store forventningar” av Charles Dickens for dei, eit kapittel kvar dag. Mister Pip er hovudpersonen i Dickens sin roman.
Dette vert inngangen til ei heilt ny verd for Matilda. Ho er heilt oppslukt, og fortel mora det ho høyrer på skulen. Etter kvart synest mora det vert for mykje Mister Pip. Ho synest dottera heller burde interessere seg for slektshistoria si og ikkje dette nya og framande. Og er det i samsvar med Bibelen?
Så kjem krigen og soldatane til den vesle landsbyen, og dei har korkje høyrt om Charles Dickens eller Mister Pip. Kor er han ,spør dei trugande. Gøymer dei han?
Heldigvis sluttar ikkje historia ikkje her. Nokre år seinare prøver Matilda å finna ut meir om både Mr Watts og Charles Dickens, og ho finn ut at ikkje alt er som ho har trudd.
Denne boka er vel verdt å lesa, både med og utan ”Store forventninger” i bagasjen, men det er eit parti i romanen du ikkje bør lesa rett før du legg deg. Du finn ut kor det er når du kjem dit.
Anita