
Colm Toibin – MesterenMesteren er den amerikanske/engelske forfattaren Henry James. Du har kan hende ikkje høyrt om han eller lese noko av han, men det er ikkje noko krav for å setje pris på denne romanen. Denne boka er ein roman om fem år i livet hans, 1895-1899, og ikkje ein biografi. Kvart kapittel tar for seg i hovudsak ei hending, og gjer slik romanen litt novelleaktig og lett å leggja i frå seg for kvelden etter endt kapittel, om du greier det. Som det står på baksida av boka, så handlar første kapitlet om ei mislukka oppsetjing av eit av teaterstykka hans, og det er skrive slik at du får medkjensle med den stakars forfattaren. Denne kjensla held seg i heile romanen, der vi mellom anna får innblikk i ein spesiell familie med mange sterke personlegdomar. Romanen er heller ikkje utan komikk, spesielt i det kapitlet som handlar om da Henry James buset seg i eit hus i England og skal handtera tenarstaben når han venter gjester. Stakkars mann, men eg måtte le! Mesteren vart kåra til ein av dei ti beste bøkene i 2004 av New York Times, og det undrast eg ikkje noko over.Fleire av romanane til Henry James er filma, t.d. The Bostonians, Portrait of a Lady, og Washington Square
a.l.
a.l.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar