
Foreldra til den israelske forfattaren Amos Oz kom til Palestina på 1930-talet frå ulike delar av Russland, og denne mangfoldige romanen er både ei slektshistorie og ein biografi der vi får høyre om bakgrunnen til foreldra og delvis òg besteforeldra, og om oppveksten til forfattaren i Jerusalem på 1940- og 1950-talet. Gjennom denne familien får vi innblikk i korleis det var å leva i den nya staten Israel, vi får kjenne på både krigsangst og nybyggjarentusiasme i kibbutzen.
Det som etterpå mest av alt sit att hos meg er livet i den vesle familien, den nærast pedantiske faren, den romantiske mora som har vanskar med å finna seg til rette i det nye landet, og guten som etter kvart bryt med faren og endrar etternamn.
Men det er òg plass for smil når vi høyrer om bestefaren som livnar til når han vert enkemann, og om kor gale det kan gå når den eldre garde som har lært hebraisk gjennom bøker møter den yngre garde som ikkje har det boklege forholdet til språket.
"En fortelling om kjærlighet og mørke" er ei bok for deg som vil utvida horisonten og bli berørt kjenslemessig når du les.
a.l.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar